Ausflüge zum Wandern

Turvegar i Borgund

TURVEGAR I BORGUND

Last ned som PDF: TURVEGAR-I-BORGUND

A: Voldum – Voldastølen

Distanse ca. 1 km, Høgdeskilnad ca. 250 meter. Turtid oppover ca. 1 time, ca ¾ time nedover.

Ruta har bratte parti med steinete underlag. Krev gode sko. Bruk gjerne stavar.

Merkinga startar ved campingplassen. Ruta går gjennom Voldum gardstun og langs innmarksgjerdet gjennom ei grind. Hugs å late att grinda. Vidare går stien langs gjerde ca. 200 meter; merka med steinvardar, svingar til høgre litt bratt oppover langs elva. Kryssar over elva ved ein liten kulp. Herifrå blir det brattare, steintrappetrinn enkelte stader. Ruta går i slyng på sørsida av elva. Etter ca. ¾ av ruta ta avstikkar til venstre (merka) til 2 murar etter utmarksløer. Tilbake på stien passerar du etter kort tid ein ny mur av utmarkshus. Stølshusa på Voldastølen er forfalne; det er restar etter fjøs. I nyare tid er det sett opp ei jakthytte.

Frå Voldastølen er det rute sørover til Nedre Liastøl og Øvre Liastøl.

Rute B: Li gard – Nedre Liastøl.

Distanse ca. 1,5 km. Høgdeskilnad ca. 400 meter. Turtid popover ca. 1 ½ time, ca. 1 time nedover.

Ruta startar fra gardsvegen opp til Li gard, merka. Sving til høgre i gardstunet nordover på tidlegare dyrka mark. Etter ca. 200 meter går stien inn i skogen, noko ujamn sti i starten, men seinare relativ god sti. Nokre partier litt bratte.

Rute C: Voldastølen – Nedre Liastøl

Distanse ca. 0,9 km. Høgdeskilnad ca. 150 meter. Turtid oppover ca. ¾ time, ca. ½ time nedover.

Ruta er noko lettare enn rute A. Ruta går sørover fra Voldastølen og kryssar ein steingard, relativ flatt i starten med eit litt bratt parti i midten, flatare i siste delen. Jamn bra stibotn.. Nedre Liastøl var heimestøl (vår- og haust-støl) for gardane Li og Liøyni.Stølshusa er her forfalne, det er bygningar og murar av tilsaman 4 hus. Liastølen var i brukt til 1945.

Rute D: Nedre Liastøl – Øvre Liastøl.

Distanse ca. 1,0 km. Høgdeskilnad ca. 200 meter. Turtid oppover ca ¾ time, ca. ½ time nedover.

Ruta går vestover fra Nedre Liastøl, ei bratt kneik i starten, sidan litt flatt før ruta går i fine slyng oppover i skogen. Ca. 5 min før stølen krysses ei elv/bekk; straks etter er ein oppe over skoggrensa på ei flate og det er kort veg bort til murane etter stølshusa.

Øvre Liastøl. Fjellstølen

Øvre Liastøl har ikkje vore i bruk på svært lenge. Her er fleire murar som viser at det har vore fleire brukarar som for eksempel husmennene på garden Kyrkjevoll. På stølen var det relativt store grasområder som vart slege, og foret vart kløvja heim med hest. Mykje vart og bore på ryggen.

Rute E: Stavkyrkja – Husumstølen

Distanse ca. 1, 8 km opp. Høgdeskilnad ca 350 meter. Turtid oppover ca. 1 ½ time, noko mindre nedover.
Terreng: Traktorveg og god merka sti

Parker ved parkeringsplassen ved Stavkyrkjesenteret. Høgd over havet 400 m. Følg vegen sørover mot nyekyrkja. På sørsida av kyrkja er det ei grind og skilt ”Husumstølen”. Hugs å lat att grinda og andre grindar som du seinare går gjennom. Følg merking (raudt) på oversida av gjerdet til stavkyrkja og du kjem straks inn på Sverrestien og følg denne mot nord. Inn på på Vindhellavegen (10 min), følg denne sørvestover til Vindhellaskaret (15 min). Her står det 2 skilt, ”Husumstølen” og ”Øvre Liastøl”.

Alternativ parkering og start frå Rimskjold og opp Vindhellavegen til Vindhellaskaret (15 min).

Frå Vindhellaskaret går stien (raudmerka) i slyng bratt opp til eit lite platå (20 min). Her tek du høgre ned ein liten bakke før stien går litt opp og så relativt flatt under ein markert hammar. Etter ca.30 min (høgd 550 m) er det restar etter ein løemur for høyslått i området. Høyet vart truleg sendt ned til garden på løypestreng. Stien fortset oppover i fleire platå; først stigning, så flatt eit stykke før det same gjentek seg. Platå 1 etter ca. 35 min (høgd 560m), platå 2 etter ca. 40 min (høgd 625m), platå 3 etter ca. 45 min (høgd 710 m). Etter ca. 50 min. flatar terrenget ut til eit større platå og du er ved murane etter Husumstølen (høgd 750m). Her er relativt store flate områder med god grasvekst. Ta deg tid til å rusle rundt til dei mange bygningsrestane og ikkje minst nyt utsikta!

Det er lite informasjon om bruken av desse bygningane. I bygdaboka for Borgund under garden Kjørkjevoll står det: ” Det var elles ein støl ”Aosen” på nordsida i grensa mot Huso. Denne var felles med Huso og har vore nytta av husmennene på garden”. Det er ikkje utenkjeleg at her i eldre tider har vore ein husmannsplass før den endra bruk til støl. Blant bygdafolk blir det fortalt at her har vore halde bryllup i husmannstida.

Rute F: Øvre Liastøl – Vatningsveit.

Distanse ca. 1 km. Høgdeskilnad ca. 200 meter. Turtid oppver ca. ½ time, noko mindre nedover.

Ruta går sørover fra stølen opp på fjellryggen Åsen. Etter ca. 200 meter eit stikryss der sti går til venstre til Husumstølen. Stien til vatningsveita går rett fram, på sørsida av fjellryggen og sidan opp på sjølve ryggen. Frå toppunktet 1178 m fortsett litt innover fjellet og du ser spor etter vatningsveita, først på venstre sida, sidan oppover mot vatna i Øygardsbotnen.

Rute G: Husumstølen – Øvre Liastøl

Distanse opp ca. 1,5 km, Høgdeskilnad ca. 250 meter. Turtid oppover ca. 45 min.

Stien vidare til Øvre Liastøl går nordover, skilta. Det er mange høyløemurar i fjellsida. Etter ca. 3 min (totalt 53 min) er det skilt som syner vegen (150 m) til ein slik mur. Terrenget vidare oppover er flatare og lettare å gå enn opp til Husumstølen. Det er god grasvekst så det har nok vore rimeleg god slåttemark her i eldre tider. I dag eit flott område for hjorten. Etter ca. 4 min (totalt 57 min) ny mur på høgre sida. Etter totalt ca. 65 min løemur nr. 3. Her gjer stien ein skarp sving til venstre. Etter 70 min svingar stien til høgre og flatt bortover til den kryssar ei lita ur og stigninga opp mot Øvre Liastøl. Etter 85 min stikryss (høgd 1000 m); til venstre ”Vatningsveiter”, til høgre ”Øvre Liastøl” (høgd 990 m), som du ser på det åpne området. Det tek berre nokre minutt ned dit. Her er det flott utsikt oppover dalen og over på andre sida med stølane Røssli, Dekkene, Leikvoll, Kyrkjevollstøl. Fjelltoppane ”Grytingen” og ”Bringe” med Vasetdammen midt i mellom.

Frå skiltet ”vatningsveiter” er det merka sti til Øygardsbotn (høgd ca. 1200 m) og vatningsveit. Vatningsveita leier vatn frå småvatna i Øygardsbotn til Husum gard. I vestsida av botnen er det ein liten dam som demmer opp ei sideelv til elva Drosingen. Det var stor etterspørsel etter vatnet frå Øygardsbotnen frå gardane nede i dalen. Det blir fortalt at bøndene reiste til fjells om natta og leida vatnet til kvarandre.

Frå Øvre Liastøl går det merka sti nordover til Nedre Liastøl og vidare til garden Li, ca. 1 ½ times gang. Dette er ein fin rundtur. Frå Nedre Liastøl er det alternativ til Nedre Voldastølen og garden Voldum (Borgund hyttesenter).

Copy right: Åge Årdal, tlf. 95143872