Velkommen til Borgund Hyttesenter og Camping

forside 2016Me ligg fint til øverst
i Lærdal, i ein dal med bratte fjell og fin natur.

Fra oss er det eit godt utgangspunkt til å besøke den kjente Borgund stavkyrkje, som ligg 2,5 km unna, eller for å gå dei gamle vegane Vindhellavegen , kongevegen Sverrestien og Galdane.

Herfra er det og eit godt utgangspunkt for dagsturar med bil, for å oppleva nærliggande fjordar, fjell og brear.

Det er og mulighet for ørretfiske i Borgundsfjorden,
som er nærmaste nabo til Hyttesenteret.

Borgund Hyttesenter og Camping ligg langs E-16 – 600 m etter Borgundtunnelen når du køyrer om lag 25 km østover frå Lærdalsøyri. Plassen er nyrenovert og kan tilby topp campingforhold for telt, bubilar og campingvogner med moglegheit for straum. WiFi på plassen.

Plassen har eigen kaffe og gatekjøkken som kan tilby dagens rett og tradisjonsmat.

Skal dere leie hytte eller campinplass er det mulig å kjøpe mat til kl 22:30. Ønsker alle velkomne.

Borgund Hyttesenter og Camping
Ved Ole Andre Voldum